Kurs i ikonmaling


I løpet av åra har eg halde ei rekkje kurs i ikonmaling, både for nybyrjarar og for folk som har arbeidd med dette ei stund. Deltakarane får innblikk i eggtemperateknikken slik den er blitt praktisert gjennom mange hundre år. Dei lærer om grunnprinsippa i denne sakrale kunstforma, som fargeblanding, penselføring og oppbygging av draperi og hudparti. Undervisinga vert tilpassa den enkelte sitt meistringsnivå. Kvar kursdeltakar får tildelt plate, penslar, palett og pulverfargar. I tillegg til det praktiske, vert det òg høve til å gjera seg kjend med den teologiske tradisjonen som ikonkunsten er ein del av.

Det vil bli arrangert fleire kurs i tida framover (hausten og vinteren 2022 – 2023). Kursa finn stad på Nes, mellom Norheimsund og Øystese i Hardanger. Dersom du er interessert, ta kontakt for meir informasjon: mail: solrunn.nes@gmail mobil: 99 22 05 59

Kursinnbydingar :

Fann ingen innlegg.