Presentasjon


Eg vart fødd i 1959 og vaks opp på Nes gard som ligg mellom Øystese og Norheimsund i Hardanger. Så tidleg eg kan hugsa likte eg å teikna og skriva. Og dette har eg halde fram med; å skapa nye kombinasjonar i synleg form og mentale bilete gjennom skriving. Orda gjev stor fridom. Her kan eg skifta mellom det personlege, det folkelege og det akademiske for å uttrykkja det eg ynskjer. Og det kunstnarlege uttrykket opnar for ein tilstand som er vakker og meiningsfull. Estestiske verdiar er avgjerande for meg, og og dei fylgjer meg kvar enn eg går. Naturen er vakker i seg sjølv, men dei menneskeskapte elementa er ikkje alltid like vakre. Eg er oppteken av det som skjer i skjeringspunktet mellom natur og kultur. Eg er interessert i fortida, både lokalt, i europeisk historie og særleg mellomalderhistorie.

Frå Universitetet i Bergen har eg hovudfag i kunsthistorie i 1992. Avhandlinga finst som bok og heiter «The Ucreated Light. An iconographical study of the transfiguration in the eastern church». Denne studien omhandlar ulike aspekt ved «Jesu forklaring på berget». Andre fag eg har studert er psykologi, religionshistorie og klassisk gresk.

Eg opplever at bakgrunnen min på ein gard og utdanninga ved Universitetet i Bergen, avspeglar moralske og estetiske verdiar som har prega meg sidan. I 1998 kom boka «Mysteriets formspråk» ut. Dette er ei informativ bok om ikonkunst som fekk mange lesarar og som no er trykt i tredje opplag. I 2020 publiserte eg «MINNEBOK. Glimt frå oppveksten min på Nes.» Dette er ein biografi som omfattar dei tjue første åra av livet mitt. Etter at foreldra gjekk bort, vart det viktig for meg å gjenskapa forteljingane frå den tida.

Naturen, dyra og ikonkunsten er viktige inspirasjonskjelder i livet mitt. Som kunsthistorikar og ikonmalar har eg fått kjennskap til ei kunstform med både estetiske og djupt åndelege verdiar. Den byzantinske kunsten er som ei rikt illustrert biletbok som tek oss gjennom dei dramatiske forteljingane i Det gamle og Det nye testementet og vidare inn i kyrkjehistorien. Reisefylgjet mitt har vore menneske frå dette store persongalleriet. Den åndelege heimen min er Den katolske kyrkja.