Tavlekross


Salme 22, 10 – 12: «Du drog meg fram frå mors liv og la meg trygt ved hennar bryst. Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg, frå mors liv er du min Gud. Så gå ikkje frå meg, for nauda er nær, og det finst ingen som hjelper.»

Op. 12, 4 – 5: «Draken steig fram for kvinna som skulle føda; han ville sluka barnet så snart det var født. Då fødde ho eit gutebarn, som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans kongsstol.»

Guten med mange namn

Han som vert kalla Jesus av Nasaret, har mange namn. Profeten Jesaja kalla han Veldig Gud og Fredsfyrste.
Han kan òg kallast Jesus av Betlehem, der alle born frå nyfødde og opp til to år, vart drepne av Herodes sine soldatar.
Han kan òg kallast Jesus av Mississippi, der han vart seld og skild frå mor si.
Han kan òg kallast Jesus av Auschwitz, der legen Mengele dreiv medisinske eksperiment på born.
Han kan òg kallast Jesus av Hiroshima, der uteljande born vart utsletta.
Han kan òg kallast Jesus av Biafra, Jesus av Sabra av Shatila og Jesus av Srebrenica.

Den nyaste tittelen er Jesus av Mariupol. For, som han seier, «det som vert gjort mot desse minste små (som han kallar sine), det vert gjort imot han». Håpet er at han som sit på Guds kongsstol «ein gong skal han styra alle folkeslag med jernstav.»