Sta. Monica av Tagaste


Eggtempera på lind. 27 x 35 cm

Sta. Monica av Tagaste kom frå byen Tagaste i det noverande Algerie. Ho var ei modig og from kristen kvinne som er kjend for si tiltru til Guds hjelp i prøvingar og trengsler. Ho var mor til kyrkjefaderen Augustin, seinare kjend som Biskop av Hippo. På skriftrullen som Monica held, står det eit sitat frå Salme 120, 1: «Til Herren ropa eg i m inaud, og han høyrde mi bøn.» Og vidare: «Frels meg frå lipper som lyg, frå falske tunger, Herre!» Denne teksten, som er 3000 år gamal, er like aktuell i dag. Vi ropar framleis til Herren om rettferd og fred.