Kristus Pantokrator


Eggtempera på lind. 22 karat bladgull. 45 x 65 cm. Karveskurd på ramma

Pantokrator, som tyder Allherskaren, er eit mektig ikon av Frelsaren. Blikket er intenst, og han er framstilt frontalt, med attributt som avspeglar eit fortetta, dogmatisk innhald. Den todelte drakta viser til Jesu to naturar, den menneskelege og den guddommelege. Han held evangelieboka med venstre hand og velsignar med den høgre. Fingerstillinga symboliserer treeininga og Jesu to naturar. Bladgullet uttrykkjer det uskapte lyset som strålar ut frå Guds son. Lyset er tenkt å koma innanfrå; difor ser vi ingen slagskugge. Det gjeld generelt for alle ikonmotiv.