Sommaren 2009 reiste eg til Lia gård med eit rundt ikon som skulle monterast i kuppelen på eit lite, ortodoks kapell i skogen. Det dreia fatet målte 90 cm. i diam. Eldsjela bak dette prosjektet, Svein Erik Sandvoll, leverte fatet på Nes, og eg kunne byrja på oppdraget.
Eg budde hos foreldra mine i denne tida, og arbeidet var plassert på mors fryseboks. Dermed fekk eg oversikt og god ståhøgde. Så hende det at eg greidde å detta utfor ein mur medan eg reinska ugras. Det skulle eg ikkje ha gjort, for det enda med brot i høgre handledd. Det tek to månader for ein slik skade å heilast, og dermed måtte eg leggja oppdraget til sides. Etter ei tid fekk eg maleabstinensar. Kanskje eg kunne prøva å mala mønsteret langs kanten med venstre hand? På ein eller annan måte fekk eg fargane på plass, men presisjonen mangla.
Då ikonet til slutt var ferdig, køyrde eg til Lia gård for å få det på plass i kapellet. Det var ei teknisk utfordring, men fekk ei god løysing til slutt.
Kapellet har fått namn etter Fotini, kvinna som Jesus samtalte med ved Sykars brønn i Samaria. I Johannesevangeliet er denne personen anonym, men tradisjonen har gjeve henne namn. Ho opplevde det vi i dag kallar utanforskap. Ho gjekk åleine til brønnen for å dra opp vatn fordi dei andre kvinnene i landsbyen fordømde livsstilen hennar. Slik kan vi også i vår tid, 2000 år seinare, kjenna på det same. Vi fell utanfor det sosiale fellesskapet på grunn av ulike feilsteg. Herren fordømer ingen, men leier oss inn på rett veg.