Simeon Gud-beraren



Eggtempera på bjørk. 35 x 65 cm

Lukas fortel om den «rettvise og gudfryktige Simeon som venta på Israels trøyst.» Då Josef og Maria kom til tempelet med Jesusbarnet, tok Simeon den nyfødde i armane sine og lova Gud. Tradisjonen har gjeve Simeon tittelen «Gud-beraren» fordi han tok imot Frelsaren på denne måten. Han var ein av dei første som forsto at dette barnet var Guds Son. Slik Simeon erfarte Jesu nærvær på ein fysisk måte, kan dei truande læra han å kjenna sakramentalt og som eit mystisk nærvær i hjarta.

«Herre, no let du tenaren din fara herifrå i fred, slik som du har lova. For mine auge har sett di frelse, som du har gjort istand like for andletet for alle folk, eit lys til openberring for heidningane og til ære for folket ditt, Israel.»