Kristus som keisar


Dette motivet er inspirert av ein mosaikk i Ravenna, frå byrjinga av 500-talet. Den unge Herren er skildra som «Christus Victor», kledd i purpurraud militærdrakt og med krossen som våpen. Meisteren var «mild og mjuk i hjarta», men han var òg refsande overfor dei som misbrukte si makt. Både religiøse og politiske leiarar fekk gjennomgå. Dei rike og sjølvrettferdige måtte gjera bot dersom dei ville inn i Guds rike. I Marias lovsong vert denne sanninga understreka: » Storverk gjorde han med sin sterke arm, han spreidde dei som bar på hovmodstankar, og støytte stormenn ned frå trona, men lyfte dei låge opp» (Lukas 1, 51-52).

Den triumferande Majesteten framstår i alt sitt velde, slik det er skildra i Salme 91, 13: » På løve og orm skal du trakka, ungløve og slange skal du trø under fot.»

Eg tileignar dette ikonmotivet til mor, som ikkje er i denne verda lenger. Ho ville ha oppfatta symbolikken og referansane frå skrifta umiddelbart. Ho siterte ofte dette verset frå Jobs bok, 19, 25: «Men eg veit at min gjenløysar lever, og som den siste skal han stå fram på støvet.»