Triptyk i Øystese kyrkje


Temaet for dette arbeidet er ”Jesus Kristus Guds Lam”. Dei bibeltekstane som ligg til grunn er Johannes Døyparens vitnemål i Johannesevangeliet og Openberringsboka der den opphøgde Kristus vert proklamert:

”Sjå, der er Guds Lam, som ber verdsens synd!” (Joh. 1, 29)

”Verdig er Lammet som vart slakta, verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke, ære og pris og takk.” (Op. 5, 12)

På midtpanelet ser vi den tronande Kristus som held krossen i si høgre hand, framstilt her som eit septer som syner hans autoritet, og som ein gjetarstav.

Han sit på himmelsfærene, vist som to halvsirklar eller regnbogar. Han er omramma av ein mandelforma glorie, også kalla mandorla, som er sett saman av fleire blåtonar. Den blåsvarte fargetonen bak Kristus symboliserer at Gud er utilgjengeleg og uforståeleg i sitt vesen.

Evangelisten Johannes kommenterer dette mystiske temaet når han seier at ”Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne Sonen som er Gud,og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.” (Joh.1, 18). Det guddommelege lyset er uttrykt gjennom mandorlaen, som er ein glorie som omfattar heile kroppen, og gjennom bladgullet, som symboliserer ein refleksjon av Guds vesen.

Framfor den majestetiske Kristus, står Lammet som symboliserer hans frivillige offer for verda, hans påfylgjane herleggjering og hans rolle som guddommeleg hyrding (Op. 7, 7 – ”For Lammet, som står midt framfor kongsstolen, skal vera hyrdingen deira”).

Teksten som Kristus held i høgre handa er teken frå Joh. 1, 29: ”Sjå, der er Guds Lam, som ber verdsens synd!”

I hjørna som kransar hovudmotivet, finn vi dei tradisjonelle symbola for dei fire evangelistane: Matteus, i øvre venstre hjørne, er eit menneske med venger. Markus, i nedre venstre hjørne, er framstilt som ei løve med venger. Lukas, i nedre høgre hjørne, er ein okse med venger, og Johannes øvst i høgre hjørne er ei ørn. Desse representasjonane byggjer på visjonære tekstar hos profeten Esekiel og Openberringsboka og vart brukte i den tidlege kyrkja som symbol for evangelie-forfattarane. (Esekiel 1, 10-11 og Op. 4, 6-8).

På den venstre fløydøra ser vi Johannes Døyparen, Kristi forgjengar som annonserte at Guds Lam skulle koma. På den høgre fløydøra ser vi Maria, Herrens Mor, som gjennom sin lydnad mot Guds Ord, brakt til henne gjennom engelen Gabriel, gjorde henne til ein port som Guds Lam kunne gå gjennom for å frelsa verda.