Triptyk i Sælen kyrkje


Dette tredelte motivet vart levert til Sælen kyrkje i 2018. Midtpartiet framstiller Den majestetiske Herren, Majestas Domini, som motivet heiter på latin. Dette er eit etablert tema som går tilbake til tidleg mellomalder i den kristne ikonografien. Den første kristne vedkjenninga var «Jesus er Herre» i motsetnad til at «Cæsar er Herre». Kristus sit på himmelsfærene i ein mandelforma glorie, omgjeven av evangelistsymbol. Dette uttrykkjer den sigrande Kristus, skaparen som herskar over kosmos og som skal koma tilbake og døma levande og døde.

Fløydørane er reservert for erkeengelen Gabriel som kjem med bodskap til Maria om at ho skal få ein son som ho skal gje namnet Jesus. «Han skal vera stor og kallast Son åt Den Høgste» (Luk. 1, 32) Den opphøgde Herren er framstilt to gonger i dette verket, nemleg Allkerskaren som er opphøgd over himlane, og det ufødde Jesusbarnet som tok sete i Marias morsliv som på ein trunstol. Han steig ned på jorda, ned i djupet og vart menneske. Etter at han døydde og stod opp att, steig han opp over alle himlar. Det er denne dramatiske rørsla som konstituerer vår frelse.