Trunande Kristus


«Kristus Immanuel.»Eggtempera på lind. 27 x 35 cm

Den unge Kristus Immanuel sit her i frontal stilling på ein enkel trunstol ute i ei blomstereng. Ei elv fløymer ut frå under trunstolen. Han held Den heilage skrifta med venstre hand og velsignar med den høgre. Han framstår som både mektig og mild samtidig. Vi kan tenkja oss at han er tolv år. Snart skal han diskutera med dei skriftlærde i tempelet og gje dei svar som gjer at dei undrar seg over visdommen hans. Dei ulike attributta representerer dimensjonar ved Jesu person som Skapar, Logos, Sofia (Visdom), Guds Son, Frelsar og Domar.