Kva eg fekk av Russland


Eg har mykje å takka Russland for; russisk kultur i form av historie, litteratur og kunst. Ikonkunsten vart ei viktig oppdaging i studietida og utvikla seg seinare til å bli eit yrke. Eg står i stor gjeld til dei åndelege djupnene og den nærmast overjordiske estetikken som den kyrkjelege tradisjon representerer. Russiske ikonar kan løfta sjela. Mange kjenner Andrei Rubljovs framstilling av «Treeininga», eit motiv som med sin subtile eleganse oppsummerer ein himmelsk dimensjon som er eit arvestykke til heile verda. Slik er det òg med Tolstoy og Dostojevskij; dei heldt ideala sine høgt. Forteljinga «En pilegrims vei» opna døra inn til den mystiske erfaringa som stadig bøn kan gje. Ein institusjon som har fascinert meg er ein helgentype som vert kalla «Den heilage dåren». Han eller ho var fattig, fryktlaus og ofte sett ned på. Men den same personen kunne òg bli oppsøkt for åndeleg rettleiing. «Den heilage dåren» var blant dei få som kunne irettesetja tsaren og andre mektige utan å bli straffa for det.

Serafim av Sarov levde i fred med ein bjørn langt inne i dei russiske skogane. Høg og låg kom for å høyra hans åndelege råd: Kanskje det mest kjende sitatet er dette: «Ha ei fredfull sjel, og tusenvis rundt deg vil bli frelst.»