Den audmjuke kongen


Eggtempera på lind. 41 x 73 cm.

Denne krossen syner motsetningane i den kristne trua. I det livet vi kjenner, er det ikkje vanleg at liv og død, lys og mørke, siger og nederlag opptrer samtidig. Men trua femner desse kontrastane. Særleg i den liturgiske feiringa av Jesu frelsesverk kjem dette åndelege meiningsinnhaldet til syne.