Erkeengelen Mikael


Erkeengelen Mikael er øvstkommanderande for englane. Han er den fremste blant alle Guds tenande ånder. Her ser vi Mikael kledd i paradeuniform. Han nedkjempar den vonde som syner seg i form av ein drake. Erkeengelen trør på ryggen til draken og støyter ein lanse gjennom monsterets hals. Slik demonstrerer han at det gode skal sigra, både i den åndelege og den skapte verda.