Åndeleg fokuseringspunkt


Mange har erfart kor verdfullt eit fotografi kan vera ved tapet av ein kjær person. Fotografiet minner om den avdøde og gjer vedkomande i ein viss forstand nærverande. Eit ikon har også denne påminningsfunksjonen, og det eignar seg godt som meditasjonsbilete. Kristi andlet kan vera ei hjelp til å fokusera på det viktigaste i det åndelege livet.Ved hjelp av formale verkemidlar som gullbakgrunn, frontalitet, rangperspektiv og omvendt perspektiv skal ikonet minna om eit guddommeleg nærvær.
Gullet symboliserer det strålande lyset som spring fram frå Guds eige vesen. Kristus, Maria og dei heilage er gjennomtrengt av dette lyset. Kristus omtalar seg sjølv som «verdens lys», og Gud vert kalla «lysets Far». Lyset kjem alltid innanfrå på eit ikon, difor har det ingen slagskuggar.
Frontalitet og blikkontakt indikerer nærvær. Det å vera heilt og fullt til stades i noet er ein guddommeleg eigenskap som ofte vert avspegla i måten den heilage personen framstår på.
Rangperspektiv vil seia at den viktigaste personen i biletet er sentralt plassert og overdriven stor i forhold til bipersonane. I eit ikon av Jesu fødsel kan Jesusbarnet verka merkeleg langt utvikla til å vera ein nyfødd baby! Og Maria er gjerne dobbelt så stor som Josef.
Omvendt perspektiv er eit anna verkemiddel som understrekar at den avbilda personen tilhøyrer Guds rike – ein dimensjon som er fullkomen og uendeleg. Dei skrånande linjene kjem utanfrå, frå eit uendeleg rom bak den avbilda personen. Perspektivlinjene møtest dermed hos tilskodaren og ikkje på sjølve biletflata slik tilfellet er i eit foto eller eit naturalistisk maleri. Tilskodaren kontrollerer ikkje den verda han ser inn i, men opplever sjølv å bli møtt og sett på.