Frans av Assisi


Frans av Assisi (1182 – 1226). Eggtempera på lind. 27 x 35 cm

Det greske ordet ikon tyder bilete. Då Gud skapte mennesket, skapte han det i sitt bilete – i sitt ikon. Denne formuleringa seier noko om at mennesket, i kraft av å vera ein avglans av Guds eige vesen, har ein eineståande stilling og verdi. Fornuft, vilje og evnen til å elska er døme på menneskelege eigenskapar med guddommeleg opphav. Men dette vakre ikonet som mennesket er, vart formørka i og med syndefallet. Det strålande gullet og dei sterke, lysande fargane vart dekka av lag på lag med feilsteg i «tankar, ord og gjerningar». Berre Guds fullkomne ikon – Kristus sjølv – kan restaurera dette tilsmussa biletet. Paulus seier om Kristus at «han er bilete (ikon) av den usynlege Gud» (Kol 1, 15). Ifylgje denne ikonteologien kan frelse forklarast som ein restaureringsprosess der mennesket vinn tibake sin tapte herlegdom.

Frans av Assisi er eit døme på eit menneske som har gjennomgått ei slik forvandling. Som bortskjemt ung mann levde han høgt på farens rikdom og hadde ingen tankar for dei i nabolaget som levde i den ytterste naud og fattigdom. Men etter ei radikal omvending såg Frans sine medmennseke med nye auge. Han grunnla ein klosterorden som i særleg grad tok seg av dei som fall utanfor. Han veik heller ikkje tilbake for å omfamna spedalske og gje dei omsorg.

Frans er kjend for å ha eit nært forhold til naturen. Han skreiv poetisk om sola og månen, dyra og plantane. Han preika for fuglane og forhandla med ein ulv slik at han slutta å plaga folk. Frans identifiserte seg med Jesu liding og fekk sårmerka på sin eigen kropp. Denne erfaringa vert kalla stigmatisering, og syner hans mystiske sameining med Herren. Frans var full av miskunn overfor skaparverket. Han var både jordnær og intens i si gudstru.