Prisar og slikt


Dei siste åra har eg bestilt platene hos ein profesjonell platemakar i Serbia. Dei er laga av kvistfri lind eller poppel og er utstyrte med avstivarar, såkalla labankar. Grunningsarbeidet er av ypperste klasse. Dei fleste ikonmotiv som vert kjøpt av private, er innanfor ei kostnadsramme frå 4000 til 7000 kr. Her vil eg informera om at prisen på gull har gått kraftig opp i det siste. Enkelte fargar er svært dyre, som til dømes kadmium raudt, medan dei fleste jordfargar er forholdsvis rimelege. Grunnmuren for kvart handlaga ikonmotiv er materialkostnadene. Deretter kjem prosessen med å utarbeida det enkelte motivet. Mange timar og mange små vurderingar ligg bak det ferdige ikonet.

Eit enkelt og etterspurt motiv er «Jesu andlet på ein duk», også kalla «Det ikkje av hender skapte ikon». Som tittelen seier, dreiar dette ikonet seg om Frelsarens andlet som ifylgje tradisjonen danna eit avtrykk på ein handduk. Bakgrunnen kan også vera i reint bladgull.

«Mandylion (klede), Jesu ansikt som avtrykk på ein duk, Det ikkje av hender skapte ikon.» Dette motivet er truleg det enklaste og mest konsentrerte av alle ikontypane vi har. Det viser Jesu ansikt i eit stilisert formspråk, gjerne med ein handduk som bakgrunn. Herren skapte sjølv dette ikonet ved å leggja ansiktet mot eit klede. Han som er det fullkomne biletet av Guds vesen.

«Mandylion» (Begge) Eggtempera på lind. 25 x 30 cm. Kr. 4000

«Kristus Pantokrator» Eggtempera på bøk, benkeplate. 55 x 40 cm. 22 karat bladgull. Kr. 7000

Eit anna populært motiv er «Kristus Pantokrator». Dette viser Kristus i halvfigur med ulike attributt. Det tredje motivet som mange spør etter, er «Maria med barnet». Her fins det fleire variantar som inviterer til interessante, teologiske refleksjonar.

«Den ømme Guds Mor» Eggtempera på lind. 27 x 35 cm. 22 karat bladgull. Kr. 5500

For dei som vurderer å få sitt eige, personlege ikon, er det viktig å understreka at prisen reflekterer kor komplisert og tidkrevande kvart enkelt arbeid er. Det er ikkje slik at eit lite ikon automatisk er rimelegare enn eit større. Denne heimesida og Facebook vert utstillingsveggen min inntil vidare. Eg tek òg imot bestillingar, men desse må drøftast i kvart enkelt tilfelle.