Materien


Kampen for ikonane er også ein kamp for andre grunnleggjande sider ved den kristne trua. Ikonstriden avspeglar ulike syn på materien – og dermed også på skaparverket, inkarnasjonen, sakramenta og den lekamlege oppstoda. Tendensen til å setja det åndelege opp mot det materielle vert sterkt imøtegått av Johannes. Inkarnasjonen er det fremste dømet på at Gud brukar materien når han meddeler seg til menneska. Sakramenta er materielle teikn som vidarefører Guds nedstiging i materien. Eit ikon er ikkje eit sakrament, men det har sakramentale eigenskapar ettersom det er ein materiell gjenstand som formidlar åndelege sanningar: Johannes av Damaskus uttrykkjer denne
tanken slik: «Eg tilber ikkje materien; eg tilber materiens Skapar som vart materie for mi skuld, som ville ta bustad i materien, som fremja mi frelse gjennom materien.»

I den ortodokse kyrkja er ikonkunsten ein integrert del av gudstenestelivet. Sjølve liturgien er å forstå som eit ikon av den himmelske liturgien og den forrettande presten er eit ikon av Øvstepresten Kristus som gjer presteteneste i himmelen.
Kyrkja er eit stort tredimensjonalt ikon – eit mikrokosmos utforma som eit hierarkisk ordna univers. Ei fullt utsmykka ortodoks kyrkje er dekorert frå kuppelen og nedover mot golvet med veggmaleri eller mosaikkar. Øvst oppe i kuppelen tronar Kristus Pantokrator – Allherskaren. Der er som om universets Herre ser ned på kyrkjelyden frå himmelen.Han er innskriven i ein sirkel og omgjeven av englar. I trommelen er gjerne profetar avbilda, medan dei fire evangelistane er plasserte i dei fire felta som dannar overgangen til veggene. Der finn vi 12 ulike scenar frå Jesu liv som tilsvarar det største festane i løpet av kyrkjeåret. Dersom plassen tillet det, kan motiv frå Marias liv eller framstillingar av helgenar opptre lenger nede. Den figurative utsmykkinga sluttar i skulderhøgd. Slik vert det tydeleg at dei nolevande menneska – som sjølve er «ikonar» – vert del av eit fellesskap som sprengjer tid og rom når dei stig inn i kyrkja. Skiljet mellom koret og skipet er markert av ein biletvegg – ein ikonostase – som inneheld fleire rekkjer med nøye utarbeidde motiv.