Ord og bilete


«Mandylion». Eggtempera på eik. 22 karat bladgull. 22 x 47 cm

Både eit vennlegare økumenisk klima og meir reising blant folk flest har ført til at ikonkunsten er blitt meir kjent – også i vårt land. Ei djupare årsak kan vera erkjenninga av at trua treng eit konkret, sansbart uttrykk. Kyrkja har arbeidt kontinuerleg i 2000 år for å gje den kristne bodskapen ei sann og aktuell form i takt med vekslande tider og behov.

Utkrystalliseringa av dogmene avspeglar behovet for å markera kva kyrkja trur – og ikkje trur. Men ettersom mysteriet unndreg seg forklaring, kan dogmene aldri gje eit dekkande framstilling av det kristne trusinnhaldet. Som kjent har biletkunsten – tilliks med arkitekturen og liturgien – utvikla seg ulikt i Aust- og Vestkyrkja. Årsakene til dette er mange og kompliserte. Når nettopp ikonkunsten har fått ein så sentral posisjon i den ortodokse kyrkja, er det fordi ikonane vert forstått som autoritative, visuelle uttrykk for den ortodokse (den rette) læra. Ikonane vert tilkjent kanonisk status i den grad dei samsvarar med Skrifta og Tradisjonen. Synssansen er likestilt med høyrselssansen Trua kan formidlast både ved hjelp av ord og bilete. Teologien og ikonografien utfyller kvarandre. Den store kyrkjelæraren og ikonforsvararen Johannes av Damaskus (ca 675–749) hevdar at «slik ord oppbyggjer øyra, slik stimulerer biletet auga».

Under den bysantinske biletstriden (ikonoklasmen) på 700-talet utarbeider Johannes av Damaskus ein eigen ikonteologi der han tilbakeviser argumenta til biletstormarane punkt for punkt.
Dei mest alvorlege innvendingane mot den figurative kunsten er biletforbodet i Det gamle testamentet og faren for avgudsdyrking. Det strenge mosaiske biletforbodet har bakgrunn i ei gudsforståing som både jødar og kristne har felles – nemleg at Gud er absolutt suveren overfor skaparverket. Sidan Gud er transcendent og usynleg er han også utilgjengeleg og ubeskriveleg – fylgjeleg vil det å gje den usynlege Gud ei form, mislukkast i utgangspunktet. Ei slik form er eit falsum og ein reduksjon av Guds majestet. Johannes av Damaskus understrekar dette poenget når han skriv at «dersom nokon skulle våga å laga eit biletet av den immaterielle, lekamslause, usynlege, formlause og fargelause
guddommen, avviser vi det som falskt».