Praktisk ikonmaling


Ikonmaleren Solrunn Nes

Ikonkunsten kan ha mange ulike handtverksmessige uttrykk. Eit ikon kan vera malt på ei treplate; det vi kallar eit berbart ikon. Det kan takast ned frå veggen og berast i ein prosesjon. Dei veggfaste ikonane er anten fresker eller mosaikkar. Elles kan eit ikon vera brodert, eller det kan vera laga av metall. Materialane er mange og teknikkane varierte. Uttrykk, form og stil er ulike, men den underliggjande retninga mot den åndelege verda er den same.

Det er dei ortodokse kyrkjene som i særleg grad har forvalta denne arven frå den tidlege kyrkja. Dei romersk-katolske og gresk-katolske kyrkjene har ikonkunst i sine gudshus, og etter kvart også mange protestantiske kyrkjer. Vi er vitne til ein tilbakekomst av ei kunstform som verkar sameinande, også i eit økumenisk perspektiv.

Å framstilla ikonkunst er hardt arbeid. Ein lærling må først øva seg på å kopiera gode modellar. I løpet av denne prosessen vil kandidaten bli kjend med grunning, teikning, fargeblanding i eggtempera, fargekonsistens og penselføring. Den viktigaste eigenskapen er den mentale innstillinga samt evnen til å sjå. Musikarar snakkar om «gehør». Det same gjeld innanfor det visuelle feltet. Kva er ein god komposisjon? Kva er ein god fargekombinasjon?

I mellomalderen var arbeidet med kyrkjekunst organisert i laug. Ulike medlemer i lauget hadde spesialisert seg på trearbeid, grunning, forgylling og maling. Noko liknande har eg sett i Hellas. Ei stor, ny kyrkje skulle utsmykkast med veggmaleri «etter alle kunstens reglar» på ei øy utanfor Aten. Læraren min frå kunstakademiet leidde prosjektet i samarbeid med to andre. Meisteren sjølv malte alle hudparti; ansikt og hender. Kollegaen hans malte draperi, medan den tredje hadde spesialisert seg på dekorative element. Eg fotograferte og malte bakgrunnsfargar. Tryggleiken var det så som så med. Læraren min stod på ein stol oppå eit vaklevorent stillas. Han satsa alt på englevakt.

Mange spør kor stor fridom ein ikonmalar har. Kopiering gjev naturleg nok ikkje særleg rom for kunstnarleg fridom. Formålet med kopiering er å læra eit handverk så godt at kunnskapen sit i i handa og i ryggmargen. Slik er det òg med musikaren som freistar å meistra eit instrument. Gjentaking er avgjerande. Ein folkemusikkutøvar kan spela ein slått som er både gjenkjenneleg og nyskapande. Det viktige er å skilja mellom det symbolske og det dekorative. Det symbolske ligg fast, medan det dekorative varierer. Bakgrunnsfargen på eit ikon av Kristus Pantokrator er valfri, men fargane på drakta har symbolsk verdi og er difor standardisert. Enkelte ikonmalarar eg kjenner til har funne balansepunktet mellom eit tradisjonelt og eit moderne uttrykk. Dei bur og arbeider i Russland og i Ukraina.