Regelbunden kunst


«Kristus Pantokrator med englar» under arbeid.

Ikonkunsten er ein regelbunden kunst både i form og innhald. Ettersom ikonet er eit visuelt uttrykk for det kyrkja lærer verbalt, arbeider malaren i samsvar med autoriserte modellar. Slik vert gjenkjenning og kontinuitet sikra. Eit påfallande trekk ved ikonkunsten er nettopp at formspråket har endra seg så lite på mange hundre år. Men eit tradisjonelt motiv kan utførast i mange variantar og vil alltid bera preg av handlaget til den enkelte malaren.

Eit spørsmål eg ofte får er i kva grad ein ikonmalar har kunstnarleg fridom. Svaret er ja – og nei. Ein profesjonell ikonmalar vil vita skilnaden på obligatoriske og dekorative element. Ikonkunsten er ein grunnleggjande stilart som kan kjennast igjen på ulike etablerte skuleretningar. Hovudtrekka i eit gresk ikon skil seg såleis frå eit russisk eller serbisk ikon med same tema. Samtidig er mange element valfrie. Bakgrunnen kan vera forgylt eller ha ein farge. Dei russiske figurane har ein tendens til å vera litt for lange i høve til realistisk anatomi. Dei greske figurane derimot, er meir robuste og plastiske. Måten fargane opptrer i dei to retningane er òg ulik. Desse utvendige stiltrekka er altså relative, medan symbolinnhaldet er absolutt.