Skapt i Guds ikon


«Mandylion». Eggtempera på treplate. 35 x 42 cm

I tradisjonelt ortodokse land som Hellas og Russland er dei heilage bileta – ikonane – uttrykk for ein århundrelang kyrkjeleg praksis. Blant ortodokse kristne er ikonkunsten ein integrert del av både gudstenestelivet og det personlege andaktslivet. Katolikkar med bysantinsk ritus i Ukraina, Midtausten og Nord-Afrika er meir fortrulege med ikonkunsten enn katolikkar i den vestlege verda. Men interessa for denne særeigne sakrale kunsten er aukande blant kristne med ulik kyrkjeleg bakgrunn. Også mange menneske utan ei bestemt religiøs tilknyting kjenner seg tiltrekt av ikonane – gjerne på grunn av den estetiske uttrykkskrafta dei representerer.
Det var rapporten om kor vakre gudstenester grekarane feira som gjorde utslaget då fyrst Vladimir av Kiev i 988 valde den ortodokse kristendomsforma for landet sitt. Det som er vakkert appellerer til djupe nivå i menneskesinnet. Kurerane som hadde vore til stades under ei gudsteneste i Hagia Sofia i Konstantinopel, kom tilbake og fortalde korleis mosaikkane, songen, røykelsen, ja, heile atmosfæren i dette veldige tempelet hadde gjort inntrykk på dei: «Vi visste ikkje om vi var i himmelen eller på jorda. Ein slik herlegdom og venleik finst ikkje nokon stad på jorda; vi kan ikkje skildra det. Vi visste berre at der er Gud midt blant menneska.»