Lyset for verda


«Kristus Pantokrator» Eggtempera på eik. Joh. 8, 12

Dette ikonet har eit meir folkeleg preg enn dei klassiske versjonane av det same motivet. Ansiktet er meir abstrahert enn vanleg og draperiet er forenkla i si utforming. Krossmønsteret på ramma understrekar dette inntrykket. Teksten i den opne boka er eit kjent Jesus-sitat:

«Eg er lyset for verda. Den som fylgjer meg, skal ikkje ferdast i mørkret, men ha livsens lys.»

I dei seinare åra har eg lært å setja pris på ikonkunst som ikkje har røter i eliteskulane i Hellas eller Russland, men som gjerne kjem frå ein avsidesliggjande fjellgrend i Romania. Mange slike ikonar verkar naive i formspråket. Proporsjonane er feil etter vanleg målestokk og bakgrunn og drakter kan vera dekka med dekor som minner om rosemaling. Den lokale ikonmalaren har likevel skildra eit åndeleg landskap som mange vil kjenna seg att i. Det enkle og audmjuke er kristne ideal som avspeglar seg i slike kunstverk.