St. Benedict av Nursia


Benedikt av Nursia (480 – 547) vert rekna som grunnleggjaren av klostervesenet i den katolske kyrkja. Han forfatta ein klosterregel, inspirert av Basil den store, Johannes Cassian og andre tidlege kyrkjefedrar. Denne regelen har hatt stor innverknad på utforminga av det monastiske livet heilt fram til vår tid. Her vert aktiviteten og rytmen gjennom det liturgiske året skildra i detalj. Klosterlivet var – og er – strengt og strukturert. Benedikt la vekt på balanse mellom tidebønene, praktisk arbeid og åndeleg lesnad.

På dette ikonet framstår Benedikt som ein mild og myndig abbed; eigenskapar som høver for ein åndeleg leiar. Attributta seier noko om hans hagiografiske historie. Kalken viser til hendinga der munkane i Subiaco freista å forgifta han. Biskopstaven er eit teikn på hans høge stilling som abbed i klosteret Monte Cassino. Ifylgje ein legende skal Benedikt ha blitt mata av ein ravn, slik profeten Elia vart det. Kosten vart brukt liturgisk for å velsigna dei truande med heilagt vatn. Inskripsjonen på skriftrullen lyder «Ora et labora»: be og arbeid. Benedict levde i periodar som eremitt, og når brød vart fira ned til grotta der han budde, vart det òg festa ei bjølle i tauet som skulle varsla om det enkle måltidet som munken bringa til han. Desse små episodane peikar mot ein større samanheng der disiplin og åndeleg utvikling gjekk hand i hand.