Josef med Jesusbarnet


«Josef med Jesusbarnet, Josefs historie, St. Sunniva og St. Frans av Assisi»

Denne alterfrontalen er bestilt av biskop Bernt Eidsvig til St. Josefs kyrkje i Oslo og måler 110 x 110 cm. Arbeidet vart levert i 2010. Den sentrale figuren viser St. Josef som held Jesusbarnet framfor seg. Josef presenterer Frelsaren for verda. Josefs historie er avbilda i dei fire hjørna på ikonet: Josefs draum, Jesu fødsel, Framstillinga i tempelet og Flukten til Egypt. På kvar side er representasjonar av St. Sunniva og St. Frans av Assisi. Desse personane er valde fordi St. Sunniva skule opphaveleg vart driven av brør frå fransiskusordenen.

Josef, Jesu fosterfar, har ein tilbaketrekt rolle i evangelieforteljingane. Likefullt er dei handlingane som Josef utfører avgjerande for tryggleiken til Maria og spebarnet hennar. Han vernar, vegleier og dreg omsorg for familien sin; også kalla Den heilage familien.