St. Bernhard av Clairvaux


Bernhard av Clairvaux (1090 – 1153) var ein av dei største monastiske personlegdomane i vestleg mellomalder. Han gjekk i kloster som 22-åring og vart snart valt til abbed. Etter sin død vart han utnevnt til kyrkjelærar. Han synte tidleg talent for både det intellektuelle og det kontemplative livet og han omfamna askesen. Overtalingsevnene hans resulterte i mange nye kall. Han grunnla mange nye cisterciencerkloster – også i Norge. Lyse kloster ved Os utanfor Bergen er ein av desse etableringane. Det fins eit omfattande forfattarskap etter han, mest om det mystiske og meditative livet. Han hadde ein særleg kjærleik til Maria, Jesu mor. I tillegg til dei liturgiske og administrative pliktene, dreiv han ei intens aktivitet som meklar for å skapa fred og einskap i ei splitta kyrkje. Bernhard av Claivaux hadde så stor innvernad at ingen mektige i hans samtid slapp unna skuggen hans.

Eit anna interessant trekk er at han forsvarte jødane mot forfylgjing. Mange jødiske gutar har fått namnet Bernhard. Han involverte seg også i saka mot Hildegard av Bingen som vart skulda for vranglære.

Paven oppmoda Bernhard til å vera talsmann for det andre krosstoget (1147 – 1149) og han brukte dei retoriske evnene sine til å oppeldna riddarar til å frigjera det heilage landet. Bakgrunnene for denne mobiliseringa var gjensidig vald mellom kristne og muslimar og at den strategisk viktige byen Edessa i Syria hadde kome under muslimsk styre. Dette framstøytet enda ikkje godt, og Bernhard fekk skulda for det militære nederlaget og den menneskelege katastrofen. Det er ikkje usannsynleg at denne tragedien forkorta livet hans.

På dette ikonet ber Bernhard ein kvit tunika med svart skapular og kvit mantel. Hetta leier tankane mot det løynde, åndelege livet. Han held peikefingeren mot munnen for å minna om at vi treng å lytta til Guds røyst. Staven som han støttar i armkroken, viser hans formelle leiarstatus som abbed. Bok og fjørpenn avspeglar forfattarskapet hans. Dei tre biskophattane som kviler på ei bok, refererer til at Bernard tre gonger avviste biskopembetet, noko som ville vera ei stor ære, men også ei tung bør. Tornekruna og naglane er Kristi lidingssymbol som Bernhard identifiserte seg med.