Ørkeneremittar


Den heilage Maria av Egypt og Den heilage Macarios av Egypt

På 200-talet byrja ei åndeleg rørsle i Midtausten som skulle få stor innverknad på kyrkja i ettertid. Etter at den verste forfylgjingstida var over, var det mange kristne som søkte mot einsemda for å gje meir tid til det indre livet. Den mest kjende av desse eremittpionerane var Antonius den store (251 – 356). Han tolka Jesu ord bokstaveleg og selde alt han åtte før han etablerte seg som einebuar langt ute i den egyptiske ørkenen. Der tilba han Gud og kjempa mot demonane. Men slike asketar som Antonius, fekk ikkje vera åleine lenge. Dei vart oppsøkte av læresveinar, unge menn og kvinner som ville læra om det kontemplative livet. Slik oppstod dei første klosterfellesskapa som vi kjenner. Arven frå ørkenfedrane er avgjerande viktig for kyrkja sin mystiske tradisjon.

Den åndelege visdommen som desse asketane utvikla, var bygd på ekstreme erfaringar. Dei levde som dei lærde. Dei levde enkelt, budde i grotter, kledde seg med sivmatter, fasta og bad. Dei dyrka dei kristne dydane, og det å vera audmjuk var eit stort ideal. Men kjærleiken var den største av alle dydane.:

Ein munk sa: «Får du ein hovmodig tanke, då gå i deg sjølv og tenk etter om du held boda, om du elskar fiendane dine, om du gler deg når det går dei godt og vert sorgfull når dei møter motgang, og om du ser deg sjølv som ein unyttig tenar og ein syndar som alle andre. For slik unngår du å tru at du berre har gjort godt i alle ting: Ved vissa om at nettopp ein slik tanke øydelegg alt.»