Dan vetla rjupo og klimaet


Dan vetla rjupo kurrar pao kvita Folgafodn,
og nordanvinden durar,
sjølv kan ho ingen song.

Her e da ikkje blomar,
her finnest ingen knupp,
fø alder noken sumar har fått klatra so høgt upp.

Men djupt innunder isen
dar søv sju bygdalag,
fø folk og beist dei snjoa inn her pao ein vetradag. 

Dan stora snjofodne
ho e no deira seng,
og pao da kvita aokleet syr rjupo med sin veng. 

Folkesong frå Hardanger

Fuglen er liten og breen er uendeleg. Og rypa har teke farge av omgjevnadene; ho er like kvit som snøen. Det er vanskeleg å få auga på henne. Kurringa kan knapt høyrast. Ho freistar å åtvara om dei endringane ho har merka. Ho kurrar og skriv, men verken lyngen, fjellreven eller dei andre fuglane merkar noko. Ho kan knapt høyrast der ho virrar rundt og leitar etter mat. Her oppe veks det ikkje ein einaste knupp. Snøen er for djup til det. Kulden er for streng og fonna er for vid. Einsemda er like uendeleg som snøen.

Men rypa kjenner på ei endring. Ho har merka eit varmare drag i lufta. Nordavinden durar ikkje så sterkt som før og snøen rekk ikkje så langt opp i Krossdalen som før. Det er lettare å finna mat berre ho trekkjer langt nok ned. Fjellet har kome til syne i skitrekktraséen. Er det nokon som legg merke til bokstavane i sanden og strekane i snøen? Mellom breen og dalen er den blå isen blitt meir berrlagt. Og under denne minkande isen ligg det nokon og søv. Mange har høyrt om dei sju bygdene som snødde inne og som no ligg i ein djup døs under Folgefonna. Men ingen kjenner folka som budde der før breen tok dei.

Ettersom isen minkar, vil desse menneska vakna til liv. I uminnelege tider har dei slumra, fastlåste til isen. Med kroppane tynga av søvn, kjempar dei seg fram mot brekanten. Synet som møter dei der er overveldande. Fjorden og fjella ser ut til å vera som før. Dei kjenner seg att, på ein måte. Fjorden ligg stille og fjella teier. Men så ser dei noko merkeleg. Det er som om stjernene har falle ned på jorda. Ein heil hær av lyspunkt stirer mot dei frå Sundet og den Austre Sjøen. Ingen kan hugsa at det var slik i deira tid. Det er som om det er færre stjerner på himmelen; der dei skulle vera.

Er det framleis vilt i fjella og fisk i fjorden? Nokre unge menn vert sende ut for å fella hjort, men dei kjem tilbake utan fangst. Dei sterkaste i flokken vender seg mot fjorden for å sanka blåskjel, men ungane får vondt i magen av å eta desse blåskjela. Enkelte stader flyt fisken med buken opp. Bæra smakar surt, sjølv om dei er modne.

Oppe på fonna fer rypa vidare. Det har nyss kome eit tynt lag med snø, og ho lagar mønster i snøen med vengen. Ho likar å sy på det reine, kvite åkleet sjølv om ingen ser det. Og snart vil vinden sveipa det bort.