Johannes Døyparen


Eggtempera på bjørk. 22 karat bladgull. 35 x 65 cm

Johannes Døyparen, eller Johannes i Førevegen som han òg vert kalla, er ei profetrøyst som bind saman Det gamle og Det nye testamentet. Oppgåva hans var å rydda veg for Messias. Han peika ut Jesus som «Guds lam som ber verdsens synd». Johannes døypte dei som omvende seg i Jordanelva, og der vart også Jesus døypt, sjølv om Johannes vegra seg mot dette. Denne hendinga vert tolka som ei openberring av Den treeinige Gud. Faderen let røysta si høyra frå det høge, medan Sonen steig ned i vatnet, innhylla av Den heilage Ande. Dåpen markerer også startpunktet for Jesu offentlege gjerning.

Johannes Døyparen levde i ekstrem askese. Han var myndig, men også audmjuk. I møte med Jesus uttrykte han ei holdning som var verdig ein profet og seinare martyr: «Han skal auka, eg skal minka». Johannes refsa makthavarane i samtida, og for dette måtte han bøta med livet. Jesus utropte Johannes som «den største som var fødd av ei kvinne». Ein høgare tittel er det knapt mogeleg å få.