Nedtakinga frå krossen


«Nedtakinga frå krossen». Eggtempera på lind. 30 x 40 cm.

Inspirert av eit elfenbeinsrelieff frå ca. 1150. Anatomi, stillingsmotiv og foldefall er meir dekorativt enn realistisk i denne stilen, som gjerne vert kalla romansk. Dermed kan vi få ein butt kropp med unaturleg lange fingrar. Det er mange undergrupper i romansk kunst, men det som gjeld generelt er at visse trekk vert gjort overtydelege for å få fram innhaldet i ei forteljing. Den romanske og gotiske kunsten i Vestkyrkja er i nær slekt med ikonkunsten. Begge har eit åndeleg siktemål; å få fram ein underliggjande dimensjon i dei bibelske og hagiografiske forteljingane. Desse kunststilane har ingen ambisjonar om ei realistisk framstilling, men strebar etter å gje det symbolske innhaldet ei gjenkjenneleg visuell form.

Maria, Jesu mor og Johannes, den læresveinen Jesus elska, stod under krossen medan Frelsaren vart pint til døde. Denne handlinga – å stå under krossen – krevde stort mot. Dette motet var basert på kjærleik og innleving i den lidinga Herren deira gjekk gjennom. Den avlidne Kristus vert teken forsiktig ned frå krossen. Det er som om han omfamnar mor si, sjølv i døden. Johannes støttar kroppen medan ein annan fjernar naglane. Det sakramentale innhaldet vert understreka av at ein vinranke slyngjer seg kring krossbjelkane.

«Så vert dei verande desse tre: tru, håp og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken» (1. Kor. 13, 13).