Triptyk


Eggtempera på treplate. 22 x 33 cm

Gjetarane som sat vakt over saueflokken ei kald og mørk natt utanfor Betlehem, fekk bod om «ei stor glede». Dei «skulle finna eit barn som var sveipt og som låg i ei krubbe.» Dette var teiknet på at dei hadde funne den rette. Den gongen vart småborna reiva. Heile kroppen vart tulla inn i ei lang remse av tøy. Dermed heldt dei seg varme og hadde eit visst vern mot skade.

Heilt fram til nyare tid vart dette gjort også i Norge. Så seint som i 1920 vart mi eiga mor reiva. Ho var den siste i sin søskenflokk som opplevde dette. Ho må ha kjent seg fanga der ho låg, bandasjert frå topp til tå.

Den døde kroppen som Maria tok imot under krossen, skulle og sveipast. Han vart gjort klar for gravlegging etter eldgamal jødisk skikk. Han vart reiva på ny, som eit hjelpelaust barn. Han let det skje, slik eit lite barn måtte la det skje. Maria tenkte kanskje på gleda over den nyfødde sonen der ho no sørgde over den døde.

Til slutt i denne tredelte forteljinga ser vi Frelsaren sjølv som held eit reiva barn. Denne gongen er det den nyleg avlidne Marias sjel som vert boren på armen og teken opp til himmelen. Ho vert verna og boren av sin eigen son, slik ho sjølv verna og bar han berre ei kort tid tilbake.