Kategori: n_Utsmykkingsoppdrag

  • Josef med Jesusbarnet

    «Josef med Jesusbarnet, Josefs historie, St. Sunniva og St. Frans av Assisi» Denne alterfrontalen er bestilt av biskop Bernt Eidsvig til St. Josefs kyrkje i Oslo og måler 110 x 110 cm. Arbeidet vart levert i 2010. Den sentrale figuren viser St. Josef som held Jesusbarnet framfor seg. Josef presenterer Frelsaren for verda. Josefs historie…

  • St. Bernhard av Clairvaux

    Bernhard av Clairvaux (1090 – 1153) var ein av dei største monastiske personlegdomane i vestleg mellomalder. Han gjekk i kloster som 22-åring og vart snart valt til abbed. Etter sin død vart han utnevnt til kyrkjelærar. Han synte tidleg talent for både det intellektuelle og det kontemplative livet og han omfamna askesen. Overtalingsevnene hans resulterte…

  • St. Benedict av Nursia

    Benedikt av Nursia (480 – 547) vert rekna som grunnleggjaren av klostervesenet i den katolske kyrkja. Han forfatta ein klosterregel, inspirert av Basil den store, Johannes Cassian og andre tidlege kyrkjefedrar. Denne regelen har hatt stor innverknad på utforminga av det monastiske livet heilt fram til vår tid. Her vert aktiviteten og rytmen gjennom det…

  • Montering av ikon

    Sommaren 2009 reiste eg til Lia gård med eit rundt ikon som skulle monterast i kuppelen på eit lite, ortodoks kapell i skogen. Det dreia fatet målte 90 cm. i diam. Eldsjela bak dette prosjektet, Svein Erik Sandvoll, leverte fatet på Nes, og eg kunne byrja på oppdraget. Eg budde hos foreldra mine i denne…

  • Tavlekross

    Salme 22, 10 – 12: «Du drog meg fram frå mors liv og la meg trygt ved hennar bryst. Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg, frå mors liv er du min Gud. Så gå ikkje frå meg, for nauda er nær, og det finst ingen som hjelper.» Op. 12, 4 – 5:…

  • Triptyk i Sælen kyrkje

    Dette tredelte motivet vart levert til Sælen kyrkje i 2018. Midtpartiet framstiller Den majestetiske Herren, Majestas Domini, som motivet heiter på latin. Dette er eit etablert tema som går tilbake til tidleg mellomalder i den kristne ikonografien. Den første kristne vedkjenninga var «Jesus er Herre» i motsetnad til at «Cæsar er Herre». Kristus sit på…

  • Triptyk i Øystese kyrkje

    Temaet for dette arbeidet er ”Jesus Kristus Guds Lam”. Dei bibeltekstane som ligg til grunn er Johannes Døyparens vitnemål i Johannesevangeliet og Openberringsboka der den opphøgde Kristus vert proklamert: ”Sjå, der er Guds Lam, som ber verdsens synd!” (Joh. 1, 29) ”Verdig er Lammet som vart slakta, verdig til å få all makt og rikdom,…