Kategori: n_Om_ikonmåling

  • Ikonoklastar og ikonodular

    «Mandylion» plassert på alteret i Sælen kyrkje i Fyllingsdalen, Bergen. Ordet ikonoklast tyder biletstormar, biletfiende, medan ikonodul tyder bilettilhengar, biletven. Eg går ut frå at dei som er innom denne heimesida vil rekna seg som ikonodular. Det var ikonodulane som vann fram med sitt syn på kunst som uttrykk for trua. I perioden 726 –…

  • Åndeleg fokuseringspunkt

    Mange har erfart kor verdfullt eit fotografi kan vera ved tapet av ein kjær person. Fotografiet minner om den avdøde og gjer vedkomande i ein viss forstand nærverande. Eit ikon har også denne påminningsfunksjonen, og det eignar seg godt som meditasjonsbilete. Kristi andlet kan vera ei hjelp til å fokusera på det viktigaste i det…

  • Prisar og slikt

    Dei siste åra har eg bestilt platene hos ein profesjonell platemakar i Serbia. Dei er laga av kvistfri lind eller poppel og er utstyrte med avstivarar, såkalla labankar. Grunningsarbeidet er av ypperste klasse. Dei fleste ikonmotiv som vert kjøpt av private, er innanfor ei kostnadsramme frå 4000 til 7000 kr. Her vil eg informera om…

  • Inkarnasjonen

    Gud vil alltid vera større enn det nokon kan tenkja ut. Difor er mennesket avhengig av at Gud sjølv røper kven han er. Og det gjer han i og med inkarnasjonens mysterium. Då Gud let seg føda som eit lite barn, let han seg frivillig avgrensa i tid og rom og gjorde seg sansbar – fylgjeleg…

  • Ord og bilete

    «Mandylion». Eggtempera på eik. 22 karat bladgull. 22 x 47 cm Både eit vennlegare økumenisk klima og meir reising blant folk flest har ført til at ikonkunsten er blitt meir kjent – også i vårt land. Ei djupare årsak kan vera erkjenninga av at trua treng eit konkret, sansbart uttrykk. Kyrkja har arbeidt kontinuerleg i 2000…

  • Regelbunden kunst

    «Kristus Pantokrator med englar» under arbeid. Ikonkunsten er ein regelbunden kunst både i form og innhald. Ettersom ikonet er eit visuelt uttrykk for det kyrkja lærer verbalt, arbeider malaren i samsvar med autoriserte modellar. Slik vert gjenkjenning og kontinuitet sikra. Eit påfallande trekk ved ikonkunsten er nettopp at formspråket har endra seg så lite på…

  • Frans av Assisi

    Frans av Assisi (1182 – 1226). Eggtempera på lind. 27 x 35 cm Det greske ordet ikon tyder bilete. Då Gud skapte mennesket, skapte han det i sitt bilete – i sitt ikon. Denne formuleringa seier noko om at mennesket, i kraft av å vera ein avglans av Guds eige vesen, har ein eineståande stilling og…

  • Skapt i Guds ikon

    «Mandylion». Eggtempera på treplate. 35 x 42 cm I tradisjonelt ortodokse land som Hellas og Russland er dei heilage bileta – ikonane – uttrykk for ein århundrelang kyrkjeleg praksis. Blant ortodokse kristne er ikonkunsten ein integrert del av både gudstenestelivet og det personlege andaktslivet. Katolikkar med bysantinsk ritus i Ukraina, Midtausten og Nord-Afrika er meir fortrulege med…

  • Praktisk ikonmaling

    Ikonkunsten kan ha mange ulike handtverksmessige uttrykk. Eit ikon kan vera malt på ei treplate; det vi kallar eit berbart ikon. Det kan takast ned frå veggen og berast i ein prosesjon. Dei veggfaste ikonane er anten fresker eller mosaikkar. Elles kan eit ikon vera brodert, eller det kan vera laga av metall. Materialane er…

  • Kurs i ikonmaling

    I løpet av åra har eg halde ei rekkje kurs i ikonmaling, både for nybyrjarar og for folk som har arbeidd med dette ei stund. Deltakarane får innblikk i eggtemperateknikken slik den er blitt praktisert gjennom mange hundre år. Dei lærer om grunnprinsippa i denne sakrale kunstforma, som fargeblanding, penselføring og oppbygging av draperi og…