Kategori: n_Ikon_eg_har_laga

  • Triptyk

    Eggtempera på treplate. 22 x 33 cm Gjetarane som sat vakt over saueflokken ei kald og mørk natt utanfor Betlehem, fekk bod om «ei stor glede». Dei «skulle finna eit barn som var sveipt og som låg i ei krubbe.» Dette var teiknet på at dei hadde funne den rette. Den gongen vart småborna reiva.…

  • Nedtakinga frå krossen

    «Nedtakinga frå krossen». Eggtempera på lind. 30 x 40 cm. Inspirert av eit elfenbeinsrelieff frå ca. 1150. Anatomi, stillingsmotiv og foldefall er meir dekorativt enn realistisk i denne stilen, som gjerne vert kalla romansk. Dermed kan vi få ein butt kropp med unaturleg lange fingrar. Det er mange undergrupper i romansk kunst, men det som…

  • Johannes Døyparen

    Eggtempera på bjørk. 22 karat bladgull. 35 x 65 cm Johannes Døyparen, eller Johannes i Førevegen som han òg vert kalla, er ei profetrøyst som bind saman Det gamle og Det nye testamentet. Oppgåva hans var å rydda veg for Messias. Han peika ut Jesus som «Guds lam som ber verdsens synd». Johannes døypte dei…

  • Ørkeneremittar

    Den heilage Maria av Egypt og Den heilage Macarios av Egypt På 200-talet byrja ei åndeleg rørsle i Midtausten som skulle få stor innverknad på kyrkja i ettertid. Etter at den verste forfylgjingstida var over, var det mange kristne som søkte mot einsemda for å gje meir tid til det indre livet. Den mest kjende…

  • St. Hieronymus

    St. Hieronymus (347 – 420) vart fødd i Stridon i det noverande Kroatia. Han omsette bibelen til latin, noko som gjortde han kjend som omsetjarane sin helgen. Å leva eit klosterliv og samtidig arbeida med språk var hans store pasjon. Hieronymus busette seg i Betlehem og utførte det meste av det akademiske arbeidet sitt det.…

  • Lyset for verda

    «Kristus Pantokrator» Eggtempera på eik. Joh. 8, 12 Dette ikonet har eit meir folkeleg preg enn dei klassiske versjonane av det same motivet. Ansiktet er meir abstrahert enn vanleg og draperiet er forenkla i si utforming. Krossmønsteret på ramma understrekar dette inntrykket. Teksten i den opne boka er eit kjent Jesus-sitat: «Eg er lyset for…

  • Erkeengelen Mikael

    Erkeengelen Mikael er øvstkommanderande for englane. Han er den fremste blant alle Guds tenande ånder. Her ser vi Mikael kledd i paradeuniform. Han nedkjempar den vonde som syner seg i form av ein drake. Erkeengelen trør på ryggen til draken og støyter ein lanse gjennom monsterets hals. Slik demonstrerer han at det gode skal sigra,…

  • Profeten Elias

    «Profeten Elia vert teken opp til himmelen i ei eldvogn» Eggtempera på bøk 50 x 67 cm Denne spektakulære forteljinga kan vi lesa om i 2. Kong. 2. Elia vert henta opp til himmelen, medan profetsveinen hans, Elisja, får ein dobbel del av Elias ånd, konsentrert i kappa hans som vert liggjande igjen. Med denne…

  • Den audmjuke kongen

    Eggtempera på lind. 41 x 73 cm. Denne krossen syner motsetningane i den kristne trua. I det livet vi kjenner, er det ikkje vanleg at liv og død, lys og mørke, siger og nederlag opptrer samtidig. Men trua femner desse kontrastane. Særleg i den liturgiske feiringa av Jesu frelsesverk kjem dette åndelege meiningsinnhaldet til syne.

  • Kristus Pantokrator

    Eggtempera på lind. 22 karat bladgull. 45 x 65 cm. Karveskurd på ramma Pantokrator, som tyder Allherskaren, er eit mektig ikon av Frelsaren. Blikket er intenst, og han er framstilt frontalt, med attributt som avspeglar eit fortetta, dogmatisk innhald. Den todelte drakta viser til Jesu to naturar, den menneskelege og den guddommelege. Han held evangelieboka…