Kategori: n_Ikon_eg_har_laga

  • Sta. Monica av Tagaste

    Eggtempera på lind. 27 x 35 cm Sta. Monica av Tagaste kom frå byen Tagaste i det noverande Algerie. Ho var ei modig og from kristen kvinne som er kjend for si tiltru til Guds hjelp i prøvingar og trengsler. Ho var mor til kyrkjefaderen Augustin, seinare kjend som Biskop av Hippo. På skriftrullen som…

  • Trunande Kristus

    «Kristus Immanuel.»Eggtempera på lind. 27 x 35 cm Den unge Kristus Immanuel sit her i frontal stilling på ein enkel trunstol ute i ei blomstereng. Ei elv fløymer ut frå under trunstolen. Han held Den heilage skrifta med venstre hand og velsignar med den høgre. Han framstår som både mektig og mild samtidig. Vi kan…

  • St. Nicholas

    St. Nicholas var ein biskop som levde i Vesle-Asia på 300-talet. Han er kjend som ein særleg medlidande og generøs mann. Han hjelpte mange som var i naud, særleg dei sjøfarande. Her reddar han ein mann som er nær ved å drukna.

  • Kristus som keisar

    Dette motivet er inspirert av ein mosaikk i Ravenna, frå byrjinga av 500-talet. Den unge Herren er skildra som «Christus Victor», kledd i purpurraud militærdrakt og med krossen som våpen. Meisteren var «mild og mjuk i hjarta», men han var òg refsande overfor dei som misbrukte si makt. Både religiøse og politiske leiarar fekk gjennomgå.…

  • Mandylion

    Mandylion er det enklaste og mest konsentrerte ikonmotivet innanfor den byzantinske tradisjonen. Det viser Jesu ansikt på ein duk. Tanken er at han prenta sitt eige ansikt på duken. Difor fekk det namnet Det ikkje av hender skapte ikon.

  • Triptyk i Sælen kyrkje

    Dette tredelte motivet vart levert til Sælen kyrkje i 2018. Midtpartiet framstiller Den majestetiske Herren, Majestas Domini, som motivet heiter på latin. Dette er eit etablert tema som går tilbake til tidleg mellomalder i den kristne ikonografien. Den første kristne vedkjenninga var «Jesus er Herre» i motsetnad til at «Cæsar er Herre». Kristus sit på…

  • Triptyk i Øystese kyrkje

    Temaet for dette arbeidet er ”Jesus Kristus Guds Lam”. Dei bibeltekstane som ligg til grunn er Johannes Døyparens vitnemål i Johannesevangeliet og Openberringsboka der den opphøgde Kristus vert proklamert: ”Sjå, der er Guds Lam, som ber verdsens synd!” (Joh. 1, 29) ”Verdig er Lammet som vart slakta, verdig til å få all makt og rikdom,…

  • Guds Mor Hodegetria

    Eggtempera på lind. 22 karat bladgull. 60 x 73 cm Maria med Jesusbarnet er her framstilt i ei form som vert kalla «Hodegetria», som tyder «Vegvisaren». Maria viser til Sonen sin som er den inkarnerte Frelsaren.

  • Josef med Jesusbarnet

    Eggtempera på bøk. 40 x 55 cm. Pris: kr. 15000 Sju nye invokasjoner til Den hellige Josef godkjent av Pave Francis i 2022: Frelserens Beskytter “Custos Redemptoris”Kristi tjener “Serve Christi”Frelsens Mester “Minister salutis”Støtte i vanskeligheter “Fulcimen in difficultatibus”Flyktningenes beskytter “Patrone exsulum”De lidendes beskytter ); “Patrone afflictorum”De fattiges beskytter “Patrone pauperum”Guds lam, som tar bort verdens…

  • Simeon Gud-beraren

    Eggtempera på bjørk. 35 x 65 cm Lukas fortel om den «rettvise og gudfryktige Simeon som venta på Israels trøyst.» Då Josef og Maria kom til tempelet med Jesusbarnet, tok Simeon den nyfødde i armane sine og lova Gud. Tradisjonen har gjeve Simeon tittelen «Gud-beraren» fordi han tok imot Frelsaren på denne måten. Han var…